Billettar
Normal pris: kr. 250. Medlemspris: kr. 150.
Korleis bli medlem? Sjekk Föreningen Smôgas Vänner lenger nede på sida.
Det er billettsal ved inngangen. Men — på grunn av gledeleg stor pågang,
kan det kan vera lurt å sikra seg billett på førehand.
Prosedyren er då denne:
Skriv ein epost til kjellhabbestad@me.com
for å få stadfesta at det finst ledige plasser.
Overfør så det aktuelle beløpet til
Vipps nr. 114607— eller
Swish nr. +47 926 31 350
Program
Fred for fjern og nær! Tysdag 1 juli kl 18
Alle ber på ein draum om at det på jorda skal råda fred, rettferd og forsoning mellom menneske, folkegrupper og nasjonar. Men realitetane er annleis; me lever i ei verd der vald, terror og krig rår og der rustningsindustrien går for fullt for å produsera våpen av alle slag. I denne konserten belyser me fredstemaet i to innfallsvinklar; gjennom ein samtale mellom direktør for Nobels Fredssenter, Kjersti Fløgstad, og Ida Habbestad, og dinest i kunstnarleg form gjennom Arnold
Eidslott-tekstar, samt fredssitat frå heile verda, samansette i komposisjonen «Fred for fjern og nær» av Kjell Habbestad (urframføring)
Direktør for Nobels Fredssenter, Kjersti Fløgstad, i samtale med Ida Habbestad, Inger E. B. Habbestad: resitasjon, Erlend Habbestad, cello, Ida Habbestad, fløyte, Kjell Habbestad, piano og komposisjon, kor: Barneborna Frida, Hanna, Mattis, Laura og Ingrid
Shirabe, Onsdag 2 juli kl 18
Verket «Shirabe» (tyding: ’melodi’, eller ’å undersøkja' — nemleg tilhøvet mellom ein sjølv og den kosmiske tilstanden ein finst i), er eit møte mellom tre lands kulturar der idear og element overlappar kvarandre med sine eigne stemmer, karakteristikkar og signaturar. Harpisten Maria Bubnova frå Moskva drog frå Russland til Noreg for å studera. No er det ingen veg attende. På eksamenskonserten spela ho m.a. ukrainsk musikk. Hindemith var opphavet til hennar prosjekt «Krig og fred, mot krig, for fred», ein konsert ho heldt ved Nobels fredssenter. Med seg har ho den polske harpisten Marcelina Dabek, samt bratsjisten Simon Habbestad Kjelsås og fiolinisten, Elias Habbestad Kjelsås.
Maria Bubnova, harpe, Marcelina Dabek, harpe, Simon Habbestad Kjelsås, bratsj, Elias Habbestad Kjelsås, fiolin
Priez pour paix,Torsdag 3 juli kl 18
Den verdskjende kontratenoren David Hansen frå Sydney i Australia, busett i Oslo, hadde sin europeiske debut ved Festival d'Aix-en-Provence i 2004, i rollen som Dido i Purcells «Dido og Aeneas.» Etter debuten har han opptredd både i operarollar og på konsertar i Noreg, USA, Australia og dei fleste europeiske land, m.a. i «Hans og Grete» ved Den Norske Opera og Ballett. I tillegg til Respighis «Il Tramonto» og Chaussons «Chanson Perpétuelle» framfører David Hansen, i tråd med festivalens fredsbodskap, verket «Priez pour paix» (Bøn om fred) av Poulenc. Med seg har han den eminente pianisten Lina Braaten samt Smôgas eigen strykekvartett.
David Hansen, kontratenor, Lina Braaten, piano, Ingvild Habbestad, fiolin, Elias Habbestad Kjelsås, fiolin, Simon Habbestad Kjelsås, bratsj, Erlend Habbestad, cello
Ny tid! Fredag 4 juli kl 18
I fjor debuterte Ingvild Habbestad som komponist/arrangør gjennom si tilrettelegging av «Draumkvedet» saman med Kim Rysstad. I år er ho plateaktuell med eigne komposisjonar på CD’en «Blikstilt». På herverande konsert er det imidlertid mannen hennar, Trond Kjelsås som framtrer med eigne komposisjonar — i ei ’setting’ for nyckelharpe og piano eller harmonium, under tittelen «Ny tid!» — som uttrykkjer vårt håp for framtida.
Ingvild Habbestad, nyckelharpa, Trond Kjelsås, piano og harmonium
Romanorvegia, Laurdag 5 juli kl 18
Verket «Romanorvegia» er eit møte mellom to europeiske land, Romania og Noreg; skildra gjennom begge lands musikalske opphavsmateriale; den rumenske doina og den norske hardingfelemusikken; i dialog, i kontrapunkt, i overlapping — undersøkjande likskapar og kontrastar. Verket, mellom andre verk, vert framført av UNG kammer, ei undergruppe av NOR59 Strykeinstitutt. NOR59 vart starta av Thorn Magnus Reymert i 2008. I dag har instituttet meir enn 150 elevar fordelt på fem orkesternivå. Reymerts slagord og drivkraft er: «Hvis du plukker 100 barn tilfeldig fra gaten, vil 70 av dem kunne bli musikere på heltid.» Finst det viktigare fredsarbeid?
Ung kammer frå NOR59 Strykekinstitutt
Solistar: Isaac Garcia Reymert, Elias Kjelsås Habbestad og Simon Kjelsås Habbestad, fiolin